Syltetøys
Syltetøys
Kva er meir naturleg enn ”Syltetøys” på ein Mat & Kunstfestival? I år får vi besøk av Heksa Skrekk O’Gru og Trubaduren Trasketå frå teatertruppen Syltetøys. Dei har lova å laga mykje moro på festivalområdet, dei vil både syngje og fortelje historiar.
På laurdag får vi og sjå forestillinga ”Kosteskaftkrøll” om då Heksa Skrekk O’Gru får besøk av Trubaduren Trasketå. Heksa kjem på at ho skal på heksefest i Bloksberg, -berre heksekosten vil fly!
Med den glade Trubaduren si hjelp, prøver dei å få kosten til å letta, men det er ikkje så enkelt. Og kva er det eigentleg Heksa ynskjer seg?
Førestillinga høver for born frå 4 år og varar i ca. 35min.
Teatertruppen Syltetøys er ei friteatergruppe med base i Hordaland. Dei har sidan stiftinga i 1997 drive allsidig teaterarbeid retta mot born, ungdom og vaksne.






