Program 2014

Torsdag 3. juli – førpremiere

kl 18 Rottatouille, ein film for heile familien. Matpausar og smaksprøvar, Rosendal Turisthotell, kr 170 (Rosendal Filmklubb/billetto.no)

kl 19 Babettes gjestebud, føredrag ved Kjell Arild
Pollestad, kr 200/150, www.baroniet.no

Fredag 4. juli

kl 11 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13 Hjorteparteringskurs ved Harald Sveen kr 550
Påmelding tlf 98679299

kl 15 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 17 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 18-20 Utstillingsopning med Pushwagner, Galleri G Guddal. Musikalsk fanfare ved Sebastian og Tobias Lamberg Torjusen som spelar tuba og trombone. Open kafé, Guddalstunet. Merka løype 3 km

kl 19 Akevitt: Kurs og middag blir Vin: Kurs og middag, Rosendal Turisthotell kr 1500. Påmelding til post@rosendalturisthotell.no

kl 19-21 Matservering, Snikkeriet

kl 20 Bjørn Eidsvåg, kr 350/280 www.baroniet.no

kl 21 FestivalJam, Snikkeriet, kr 100

Laurdag 5. juli

kl 10 Mat&Kunstmarknaden opnar i Skålafjæro
Inngang kr 100, born under 12 år gratis.
Matboder, kunstboder, film, musikk, show,
teater og aktivitetar for alle aldersgrupper

kl 10-15 Påmelding venne-/familiemiddagstrekking,
festivalkontoret. Hugs å invitera ein husstand/familie
til å koma til Kvinnherad under Mat&Kunstfestivalen

kl 10-18 Festivalfilmane snurrar og går i Sago

kl 10-18 Stumfilmmoro: Buster Keaton, stad vert annonsert

kl 10-18 Bokbussen med opplesingar og forteljingar

kl 10-13 Balansekunstar i vatnet og bruskassestabling
(sjå etter mobilkranen ved Snøggbåtkaien)

kl 10.45 Sirkustrubadurene held show ved scenen

kl 11 Offisiell opning ved konferansier Karina Opdal
Rosendal Retro, filmkunstnar Merethe Offerdal
Tveit vert intervjua
Kortfilm, regissør Natacha Souyris presenterer
filmen. Sjå festivalfilmane i Sago heile dagen

kl 11 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 11 Glasmåling med Signe Schineller,
Guddalshuset kr 40

kl 11-16 Festivalutstilling av Pushwagner, Galleri G
Guddal, Guddalstunet. Merka løype 3 km

kl 11 Annveig Trio spelar på Rosendalstunet
(Den kulturelle spaserstokken)

kl 11-17 Prøv eit stand up – padlebrett! Møt opp ved
Wilderness Norway i Skålafjæro

kl 11-17 Kunstverkstad for born, Baron Rammestudio

kl 11.30-12 Stuntshow ved International Stunt Academy

kl 11.30 Sirkustrubadurene held kurs i sjonglering ut over dagen. Påmelding på staden

kl 12 Parkourkurs ut over dagen. Påmelding på staden

kl 12 Prinsessa som ikkje ville le, teater for born frå 4 år på Sago. Ingrid Løhre Hunnestad, regi/skodespelar

kl 12 Glasmåling med Signe Schineller, Guddalshuset kr 40

kl 13 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13 Filmmusikkquiz – del I, Gjermund Fredheim og Bjørn Tarberg – gitar, Ingebjørg Eik – vokal, på scenen. Lag eit lag og meld dykk på. For born og vaksne

kl 13.20 Festivalkokk Jon Aga entrar scenen

kl 13.30 Filmmusikkquiz – del II

kl 14 Prinsessa som ikkje ville le, teater for born frå 4 år på Sago. Ingrid Løhre Hunnestad, regi/skodespelar

kl 14.30 Filmmusikkquiz – del III

kl 15-17 Grill din eigen rett! For borna. Få hjelp av festivalkokken til å komponera din eigen rett og nyt den
etterpå

kl 15-17 Smoothiekonkurranse for dei unge. Lag smoothie i våre blenderar, skriv opp oppskrifta og la festivalkokken smaka. Vinn ein blender

kl 15 Ungdomens reklamefilm! Premie: digitalt filmkamera! Merethe Offerdal Tveit, Sigurd Wik frå
Cinemateket og Egil Kjerstad kunngjer vinnaren

kl 15 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 15.30 Annveig Trio spelar

kl 16.30 Trekking av venne-/familiemiddag
kl 17 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 17 Bjørn Eidsvåg, www.baroniet.no

kl 18 Bodene stengjer

kl 19.30 Bjørn Eidsvåg, www.baroniet.no

kl 20-01.30 Nosferatu heilaftan, stumfilmklassikeren frå 1922 med masse attåt! Rosendal Stumfilm-orkester og
Dracula-tapas. Sambando6/Karina Opdal spelar til dans, kr 390, Samfunnshuset. Førehandssal (kr 350) på Rosendal Bokhandel og TicketCo.no

kl 22-01.30 Dag Bergesen Band, Snikkeriet kr 150

Søndag 6. juli

kl 10-12 Frokostbuffet, Snikkeriet kr 100

kl 11 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 11-16 Festivalutstilling av Pushwagner i Galleri G Guddal, Guddalstunet

kl 13 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13-16 Mat&Kunst på fjellet, Irene Bjørke spelar hardingfele og Brendan McCreanor irsk sekkepipe. Aktivitetar for born. Bygdekvinnelaget sel rømmegraut med meir. Skjethaug – følg merka løype

kl 15 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 16 Elins Matgleder serverer venne-/familiemiddagen i Raualøo

kl 17 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 18 Takknemlighet, ei reise i tankar og tonar om å vera takksam, ved Bodil Arnesen og Paal Andre Grinderud, Kvinnherad Kyrkje, kollekt

Pushwagner – festivalkunstnar 2014

Fredag 4. juli kl 18 opnar PUSHWAGNER festivalutstilling i Galleri G Guddal, Rosendal.

Pushwagner (fotograf: Marius Hauge)
HARITON PUSHWAGNER (døypenavnet er Terje Brofos, f. Oslo 1940) tok kunstnarnavnet sitt i hippie-epoken. “Hari”- står for Hare Krishna, “-ton” gjev navnet tyngde. “Pushwagner” refererer til supermarkeda sine trillevogner – eit spark til konsumsamfunnet.

Pushwagner si verd er like aktuell i dag som då han skapte den på 1960-talet, som hans berømte tegneserie, Soft City, med 269 teikningar i A3-format laga mellom 1969 og 1975. Frå denne verda spring alle hans motiv ut. Frå Selvportrett, der han gjennom eitt år i 1972 under ein psykose, teikna inn 23 000 menneskefigurar i ei meterhøg hovudform , er unikt i verdshistorien.

Pushwagner: Thirteen
Pushwagner viser oss destruksjonen, det negative ved moderniteten. Kvalmen i systemet. Og han treff samfunnet og enkeltindividet sin berøringsangst relatert til dei store spørsmåla. Avmakten er framtredande i samfunnet i dag, ikkje minst når det gjeld klimaendringane, fattigdomsproblematikken eller den aukande økonomiske krisa i Europa.

Det er få som grip tak i dei store perspektiva og dei eksistensialistiske spørsmåla slik han gjer i samtidskunsten / eller politikken. Hva slags verd er det vi lever i?

Men Pushwagner brukar satire og galgenhumor. Kanskje blir folk også betekne av den fine skraveringa, detaljrikdommen og fargar og form, det suggererande perspektivet og repetisjonen som han heile tida brukar som ein slags effekt.

Pushwagner: Baby Trip
Dei siste åra har vore gode for Pushwagner. Han fekk Oslo by sin kulturpris i 2008, og sommaren 2009 prega verka hans Oslo S og Trondheim sentralbanestasjon. I 2011 kom filmen “Pushwagner”, regissert av Even Benestad og August B. Hanssen. I 2012 hadde Pushwagner sin første store separatutstilling utanfor Norge. I Milton Keynes Gallery, ein times køyretur frå London. Utstillinga gjekk deretter vidare til Haugar Vestfold Kunstmuseum og Museum Boijmans Van Beuningen i Rotterdam. I denne sammenhengen kåra avisa The Guardian Pushwagner til “Artist of the week” i begynnelsen av august 2012.

www.pushwagner.no kan du sjå fleire av bilete av kunstnaren

Pushwagner kjem sjølv til ustillingsopninga.

Opning v/ Petter Mejlænder.

Musikk v/ Sebastian Lamberg Torjussen, tuba og Tobias Lamberg Torjussen, trombone.

Filmen til Even Benestad og August B. Hanssen blir tilgjengeleg for publikum i heile utstillingsperioden.

4. juli – 17. august 2014.

Ope kvar dag kl. 11 – 16.