Om oss
![]()

Rosendal Mat & Kunstfestival 2010
Vi gler oss over å kunne innby til nok eit spenstig og vel samansett festivalprogram 9.-10. juli 2010.
Den spanande kombinasjonen av mat og kunst som initiativtakar Bjørn Moi la opp til, har synt seg å verta ein gedigen suksess. Og det er kanskje ikkje så rart?
Rosendal Mat & Kunstfestival anna kvart år
Kulturbygda Rosendal måtte sjølvsagt ha ein Mat & Kunstfestival fann Bjørn Moi ut. Året var 2005. Anna kvart år er det difor Mat og Kunst som er i fokus desse fine dagane første helga i Juli.
Arrangementet føregår i hovudsak i Skålafjæro i Rosendal kor vi tek ein liten inngongsbilett. I tillegg til utstillingar og matboder vil du finna kunstnarar og kunsthandverkarar, musikk og anna morosamt.






