Festivalkokk
![]()

Geir Skeie
Geir Skeie (f: 1980) kan med rette kalla seg mesterkokk. Han har ei imponerande merittliste. Av nyare utmerkingar kan vi nemna at han vann Bocuse d’Or (kokkenes VM) i 2009 og Bocuse d’Or Europa, i 2008. I 2007 og 2006 vart han ”Årets kokk”. Han har skrive kokebok som han i 09 vann ein høgthengjande debutpris for.
Fredag klokka 20 20.00 – Gourmetmiddag i Raualøo. Festivalkokkane Geir Skeie, Maria Næsse og Karl Erik Pallesen inviterar til eksklusiv 3-rettars middag. Pris kr. 700,- NB Begrensa plasser. Påmelding til Beate Hannisdal tlf. 92889149.
Geir Skeie vil saman med kokkar frå Gastronomisk Institutt laga smaksprøvar du kan kjøpa under festivalen, sjå programmet.
Geir Skeie kjem frå Fitjar men arbeidar no som freelans konsulent innan mat og drikke. I november i år opnar han sin nye restaurant Sandefjord. Tidlegare har han m.a. jobba som kokk hos Mathuset Solvold i Sandefjord, på Finnegårdsstuene i Bergen, Jans mat og vinhus i Stavanger, Solsiden i Oslo og på Skarsnuten hotell i Hemsedal.
Matfilosofien til Geir er enkel. Gløym aldri råvara sin eigensmak. Ein skal ikkje skjule gode ingrediensar i kamuflerande krydder. Dei enklasete matopplevingane er ofte dei beste.






