Mat
![]()

Rosendal ligg i skjeringspunktet mellom Sunnhordland og Hardanger, her er rike tradisjonar både innan mat og kunst. Når festivalen vart skipa var det fordi vi likevel såg behov for ein ny arena for formidling av mat og kunst.
Vår visjon er å gi småskalaprodusentar, både lokale, regionale og i landsdelen, ein møteplass der desse får formidla sine produkt, det vere seg matprodukt eller kunst og handverk.
Samtidig ønskjer vi også å formidle kva som rører seg i verda elles innan mat og kunst, både til våre lokale produsentar og til publikum som vitjar festivalen. Dette skal være ein arena som tilbyr publikum kvalitetsvarer og opplevingar, basert på lokalt produsert mat/kunst/kultur.

Vi ønskjer også at RMKF skal vere ein viktig motor i Rosendalsamfunnet og bidra til å skape positiv aktivitet i bygda og god marknadsføring av staden. Vi nyttar eit nedlagt industriområde som festivalområde, og ønskjer på den måten å vise ny og alternativ bruk av gamle lokale, samt å bidra til revitalisering av dette flotte hamneområdet i bygda.
Vi skal også tilby produsenten/utstillaren eit kvalitetsprodukt, både arena, boder og tilbodet elles. Vi ønskjer også å gi publikum og produsentane eit løft ved å tilby ein nasjonal/internasjonal attraksjon som inspirasjon og førebilete.
Vi satsar på høg kvalitet og eit variert program med mange aktivitetar og flotte opplevingar både for auget og ganen. Festivalen skal trekke mange menneske og skal vere ei storhending.
Rosendal mat og kunstfestival skal være eit supplement til aktiviteten i Rosendal og samarbeider difor med serveringsstadene og arrangørane i bygda ang. arrangement.
Vi er overtydd om at ringverknader av festivalen vil gje auka omsetning av spesialiserte matvarer , auke kvalitet og tilbod av matvarer og generelt auke verdiskapinga i primærproduksjon i tråd med føremålet med programmet.






