Festivalkunstnar

Festivalkunstnar
Virvel av Frans Widerberg

Frans Widerberg

Frans Widerberg (f. 1934), er kanskje den mest synlege av alle kunstnarane i Norge i dag. Han er ein av dei som framfor nokon står for fantasien, følelsane og vitaliteten. Heilt sidan 1960-talet har dei fargesterke visjonane hans vekt interesse.
Frans Widerberg, festivalkunstnar Gult, raudt og blått. Ryttarar til hest, kentaurar og langstrakte figurar i eit tenkt landskap utan tid eller stad. Stemning, bevegelse og ljos. Energisk, ekstatisk, vital, ekspressiv. Det er slik dei fleste kjenner Frans Widerberg. Ein gnistrande kolorist med bilete fylt av styrke. Kanskje mest av alt handlar det om ljos i Widerberg sine bilde; ljosfylte rom fylt av sårbare figurar, flammande bevegelsar og fargar, slik ein ofte opplever det i ein draum. Bileta tar opp sentrale tema vi menneske aldri sluttar å undra oss over – livslysten, kjærleiken, følelsane.

Sjølv seier kunstnaren at bileta viser menneske i spennet mellom fridom og tryggleik. Både Ryttaren og svevaren – to av dei vanlegaste motiva – er nettopp klassiske symbol på fridom. Kunstnaren blei i 1997 tildelt St. Olavs Orden. Riddar av første klasse.
Franz Widerberg er festivalutstillar hos Galleri G. Guddal på Skålakaien. Utstillinga viser litografi laga frå 2000 – 2009 og står til 14. august.