Kunst
![]()

Festivalen ynskjer å vera ein arena der kunst, kunstnarar og publikum kan møtas.
Dette skal vera gode dagar der ein kan oppleva kunst i mange former, ute og inne. Vi nyttar galleri, nedlagde industrihallar og ikkje minst sjølve festivalområdet.
Store, kjende navn er viktige for både publikum og deltakarar. Men ikkje minst også dei unge, lovande som kanskje er meir i startfasen. Lokale, regionale, nasjonale og internasjonale.
Med fokus på høgt fagleg nivå er det denne blandinga – desse møta – som lagar stemninga og opplevingane under festivalen.
Vi tenkjer også fagteknisk innhald for publikum og vil visa korleis diverse kunstgjenstandar blir til. Det kan vera prosessen i det å sjå ein leirklump bli til ferdig kopp, eller kva som kjem fram i steinen når du sliper og jobbar med den. Eller andre ting. Dette vil variera frå år til år.
Festivalstemning med boder av mange slag gjer inspirasjon! Ikkje minst kan det vera kjekt å få med seg noko som er laga i området her – eller i regionen?
Dette finn du i salsbodene til kunstnarane/kunsthandverkarane.






