Festivalinfo
![]()

Gjestebartender frå Fuglen cocktailbar kjem til Gjesten
Whiskysmaking – “Smaken av eit land”.
Laurdag kveld får du høve til å kjenna den gode smaken av Scotland. Då inviterar Nils A. Johannesen til føredrag og whiskysmaking i Raualøo, mellom 20.00 og 21.30. Johannesen tek deg med gjennom det fasinerande maltwhiskylandskapet og fortel kva som kjenneteiknar både kjente og mindre kjente whiskymerkar. Johannesen er medstiftar av NMWL Bergen. Han har vore styreleiar av NMWL i fleire år, og driv import av spesielle maltwhiskyar.
Påmelding til Beate Hannisdal tlf 92889149 Pris kr 400,-
Meld deg på kurs i teatersport !
Tone Solerød frå teatertruppen Syltetøys held kurs for ungdom med og utan skodespelarambisjonar. Kjempemorsamt kurs der du vert utfordra på å sleppa laus det kreative og spontane i deg. Du lærar å improvisere, våge, og å samarbeide med andre. Teatersport og improvisasjonsteater er ei form for teater der skodespelaren skaper scenen mens ho spelar. Utan manus og utan å ha øvd inn replikkar eller planlagt noko på førehand.
Pris kr. 300,- Påmelding til Irene Ravndal tlf. 98444546.
Baristakurs med Einar K. Holthe
Baristameistaren frå -07 er her igjen, for å læra oss å laga den perfekte koppen kaffi. Det vert kurs både fredag og laurdag. Kurset anbefalast for alle unge og eldre kaffielskarar og for dei som berre er interesserte i å læra litt meir om opphav og utbreiing av denne fasinerande drikken.
Pris kr 400,- Påmelding Beate Hannisdal tlf. 92889149.
Kvinnherads Masterchef
Laurdag inviterar vi deg til uhøgtideleg kokkekonkurranse på festivalområdet, om du likar å laga mat. Menyen set du saman sjølv og det vert høve til å hente råvarar frå matbodane og ekspertråd frå festivalkokkane. Matattachè hos Fylkesmannen; Gunnar Nagell-Dahl er domar. I tillegg til heider og æra, får vinnaren ein 3-rettars middag for inntil 6 personar heime i si eiga stove, tillaga av kokken på Handeland Gard.
Deltaking er gratis. Påmelding til Beate Hannisdal tlf. 92889149.
Eksklusiv middag i Raualøo
Vi gler oss over å kunne by på noko så eksklusivt som ein 3-rettars middag, tillaga av sjølvaste verdsmeister i kokkekunst, Geir Skeie. Med seg har han dei to kokkane frå Gastronomisk Institutt, Maria Næsse og Karl Erik Pallesen. Dette vert garantert eit gastronomisk høgdepunkt! Middagen serverast fredag kl 20.00 – 21.30.
Pris kr 700,- NB! Begrensa plasser. Påmelding Beate Hannisdal tlf 92889149
Mange matboder og kunsthandverkarar
På festivalområdet vil du finna mange matboder der småskalaprodusentar sel eigne produkt. Kortreist mat er eit stikkord, og her er mykje godt å smaka på! Du får høve til å innhenta unik informasjon om produksjonsmetodar, råvarar og lokale mattradisjonar.
Kunsthandverkarane som har eigne boder kjem i hovudsak frå distriktet. Her blir det mykje spanande.
Inngongsbillett
Det kostar kr 70,- for vakse å komma inn på festivalområdet. Vi held til nede på kaien i Rosendal. Alle born under 12 år er gratis. Parkering er skilta og vi har kalla samen ein fin dugnadsgjeng som vil visa veg – velkomen!






