Program 2014

Torsdag 3. juli – førpremiere

kl 18 Rottatouille, ein film for heile familien. Matpausar og smaksprøvar, Rosendal Turisthotell, kr 170 (Rosendal Filmklubb/billetto.no)

kl 19 Babettes gjestebud, føredrag ved Kjell Arild
Pollestad, kr 200/150, www.baroniet.no

Fredag 4. juli

kl 11 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13 Hjorteparteringskurs ved Harald Sveen kr 550
Påmelding tlf 98679299

kl 15 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 17 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 18-20 Utstillingsopning med Pushwagner, Galleri G Guddal. Musikalsk fanfare ved Sebastian og Tobias Lamberg Torjusen som spelar tuba og trombone. Open kafé, Guddalstunet. Merka løype 3 km

kl 19 Akevitt: Kurs og middag blir Vin: Kurs og middag, Rosendal Turisthotell kr 1500. Påmelding til post@rosendalturisthotell.no

kl 19-21 Matservering, Snikkeriet

kl 20 Bjørn Eidsvåg, kr 350/280 www.baroniet.no

kl 21 FestivalJam, Snikkeriet, kr 100

Laurdag 5. juli

kl 10 Mat&Kunstmarknaden opnar i Skålafjæro
Inngang kr 100, born under 12 år gratis.
Matboder, kunstboder, film, musikk, show,
teater og aktivitetar for alle aldersgrupper

kl 10-15 Påmelding venne-/familiemiddagstrekking,
festivalkontoret. Hugs å invitera ein husstand/familie
til å koma til Kvinnherad under Mat&Kunstfestivalen

kl 10-18 Festivalfilmane snurrar og går i Sago

kl 10-18 Stumfilmmoro: Buster Keaton, stad vert annonsert

kl 10-18 Bokbussen med opplesingar og forteljingar

kl 10-13 Balansekunstar i vatnet og bruskassestabling
(sjå etter mobilkranen ved Snøggbåtkaien)

kl 10.45 Sirkustrubadurene held show ved scenen

kl 11 Offisiell opning ved konferansier Karina Opdal
Rosendal Retro, filmkunstnar Merethe Offerdal
Tveit vert intervjua
Kortfilm, regissør Natacha Souyris presenterer
filmen. Sjå festivalfilmane i Sago heile dagen

kl 11 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 11 Glasmåling med Signe Schineller,
Guddalshuset kr 40

kl 11-16 Festivalutstilling av Pushwagner, Galleri G
Guddal, Guddalstunet. Merka løype 3 km

kl 11 Annveig Trio spelar på Rosendalstunet
(Den kulturelle spaserstokken)

kl 11-17 Prøv eit stand up – padlebrett! Møt opp ved
Wilderness Norway i Skålafjæro

kl 11-17 Kunstverkstad for born, Baron Rammestudio

kl 11.30-12 Stuntshow ved International Stunt Academy

kl 11.30 Sirkustrubadurene held kurs i sjonglering ut over dagen. Påmelding på staden

kl 12 Parkourkurs ut over dagen. Påmelding på staden

kl 12 Prinsessa som ikkje ville le, teater for born frå 4 år på Sago. Ingrid Løhre Hunnestad, regi/skodespelar

kl 12 Glasmåling med Signe Schineller, Guddalshuset kr 40

kl 13 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13 Filmmusikkquiz – del I, Gjermund Fredheim og Bjørn Tarberg – gitar, Ingebjørg Eik – vokal, på scenen. Lag eit lag og meld dykk på. For born og vaksne

kl 13.20 Festivalkokk Jon Aga entrar scenen

kl 13.30 Filmmusikkquiz – del II

kl 14 Prinsessa som ikkje ville le, teater for born frå 4 år på Sago. Ingrid Løhre Hunnestad, regi/skodespelar

kl 14.30 Filmmusikkquiz – del III

kl 15-17 Grill din eigen rett! For borna. Få hjelp av festivalkokken til å komponera din eigen rett og nyt den
etterpå

kl 15-17 Smoothiekonkurranse for dei unge. Lag smoothie i våre blenderar, skriv opp oppskrifta og la festivalkokken smaka. Vinn ein blender

kl 15 Ungdomens reklamefilm! Premie: digitalt filmkamera! Merethe Offerdal Tveit, Sigurd Wik frå
Cinemateket og Egil Kjerstad kunngjer vinnaren

kl 15 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 15.30 Annveig Trio spelar

kl 16.30 Trekking av venne-/familiemiddag
kl 17 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 17 Bjørn Eidsvåg, www.baroniet.no

kl 18 Bodene stengjer

kl 19.30 Bjørn Eidsvåg, www.baroniet.no

kl 20-01.30 Nosferatu heilaftan, stumfilmklassikeren frå 1922 med masse attåt! Rosendal Stumfilm-orkester og
Dracula-tapas. Sambando6/Karina Opdal spelar til dans, kr 390, Samfunnshuset. Førehandssal (kr 350) på Rosendal Bokhandel og TicketCo.no

kl 22-01.30 Dag Bergesen Band, Snikkeriet kr 150

Søndag 6. juli

kl 10-12 Frokostbuffet, Snikkeriet kr 100

kl 11 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 11-16 Festivalutstilling av Pushwagner i Galleri G Guddal, Guddalstunet

kl 13 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13-16 Mat&Kunst på fjellet, Irene Bjørke spelar hardingfele og Brendan McCreanor irsk sekkepipe. Aktivitetar for born. Bygdekvinnelaget sel rømmegraut med meir. Skjethaug – følg merka løype

kl 15 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 16 Elins Matgleder serverer venne-/familiemiddagen i Raualøo

kl 17 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 18 Takknemlighet, ei reise i tankar og tonar om å vera takksam, ved Bodil Arnesen og Paal Andre Grinderud, Kvinnherad Kyrkje, kollekt

Ein smak av film i 2014

Rosendal Mat-& Kunstfestival byrjar i desse dagar å kunngjere delar av programmet sitt for sommaren si storhending. Festivalnemda har inngått samarbeid med Cinemateket i Bergen for å kunne vise den legendariske stumfilmen “Nosferatu” på 16mm-format . Verdas fyrste skrekkfilm frå 1922 er utgangspunktet for alle seinare vampyrfilmar, og er eit framifrå kunstverk.

“Nosferatu” blir vist laurdagskvelden på festivalen, 5. juli. Denne kvelden kjem til å bli ein heilaftan. Til visninga av ”Nosferatu” har Mat-&Kunstfestivalen tinga eit verk, som blir framført ”live” for første gong av eit orkester satt saman for anledninga. Elin Enes, kondittor og sjef for Elins Matgleder i Uskedalen, komponerer mat og drikke som kjem til å fylle kvelden med ytterlegare gode smakar, med påfølgande dansbar nattleg musikk med gode takter og tonar.

”Nosferatu” er basert på boka “Dracula” av Bram Stoker. Filmen fekk 21.plass i det amerikanske magasinet Empire si kåring av dei 100 beste utanlandske kinofilmane. Ein av dei fremste filmkritikarane i USA, Roger Ebert, skreiv at: “Her er historia om Dracula før ho vart levande gravlagt i klisjear, vitsar, tv-sketsjar, teiknefilmar og meir enn 30 andre filmar. Filmen har enorm respekt for materialet sitt. Det verkar som han verkeleg trur på vampyrar”.

”Filmen blei forbode i Norge i 1922. Noko vi i dag kan naturlegvis kan trekke på smilebandet av. Hovedrolleinnhavaren Max Schreck gjer ein formidabel innsats som Grev Orlok med fleire ikoniske positurar” fortel Egil Kjerstad, medlem i festivalnemda. ”Og så er det jo stas at vi i samarbeid med Cinemateket i Bergen kan vise filmen i 16mm film-på-rull og ikkje på DVD. Og ikkje minst, vi ser så fram til å by godtfolk på tingingsverket skreven nett for denne framsyninga” legg Kjerstad entusiastisk til.

Rosendal Mat-& Kunstfestival samarbeider med Rosendal Filmklubb om ein forsmak på sommaren si storhending, når dei no 15. februar får Oslo-gruppa KAROK på besøk med stumfilmen ”Berlin”. Denne filmen, frå 1927, viser ein vanleg dag i Berlin der den på 65 minuttar gjev eit særs interessant tidsbilete av livs-og arbeidsvilkår på den tida. KAROKH er eit nyskapande sjumannsorkester som presenterer amerikansk surf-rock, improvisert minimalisme, krautrock og akustiske folkeviser.

Ein Smak Av Film er festivalen sitt tema, og ikkje noko høver betre enn å få med seg ein forsmak 15. Februar medan vi ventar på sommaren sin store festival i Rosendal. Velkommen til ei ny oppleving av skrekkblanda fryd i Rosendal!