Brazzooka
Brazzgruppa Brazzooka

Brazzooka heiter den rykande ferske brassgruppa med medlemar frå Rosendal, Uskedalen og Stord. Med bakgrunn frå Rosendal Skulekorps har Sebastian L.Torjusen teke initiativ til å samla ni ungdommar i alderen 12-19 til ekte musikalsk glede. Musikken dei spelar kallast Riot Jazz, og er ei blanding av jazz, funk og hip hop.
Brazzooka har allereie rukke å gjera seg bemerka lokalt og det er all grunn til å ta turen innom for å sjå og høyre kva dei har å by på. Eit forfriskande tilskot på musikkfronten!
Sjå heimeside






