Program 2014

Torsdag 3. juli – førpremiere

kl 18 Rottatouille, ein film for heile familien. Matpausar og smaksprøvar, Rosendal Turisthotell, kr 170 (Rosendal Filmklubb/billetto.no)

kl 19 Babettes gjestebud, føredrag ved Kjell Arild
Pollestad, kr 200/150, www.baroniet.no

Fredag 4. juli

kl 11 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13 Hjorteparteringskurs ved Harald Sveen kr 550
Påmelding tlf 98679299

kl 15 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 17 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 18-20 Utstillingsopning med Pushwagner, Galleri G Guddal. Musikalsk fanfare ved Sebastian og Tobias Lamberg Torjusen som spelar tuba og trombone. Open kafé, Guddalstunet. Merka løype 3 km

kl 19 Akevitt: Kurs og middag blir Vin: Kurs og middag, Rosendal Turisthotell kr 1500. Påmelding til post@rosendalturisthotell.no

kl 19-21 Matservering, Snikkeriet

kl 20 Bjørn Eidsvåg, kr 350/280 www.baroniet.no

kl 21 FestivalJam, Snikkeriet, kr 100

Laurdag 5. juli

kl 10 Mat&Kunstmarknaden opnar i Skålafjæro
Inngang kr 100, born under 12 år gratis.
Matboder, kunstboder, film, musikk, show,
teater og aktivitetar for alle aldersgrupper

kl 10-15 Påmelding venne-/familiemiddagstrekking,
festivalkontoret. Hugs å invitera ein husstand/familie
til å koma til Kvinnherad under Mat&Kunstfestivalen

kl 10-18 Festivalfilmane snurrar og går i Sago

kl 10-18 Stumfilmmoro: Buster Keaton, stad vert annonsert

kl 10-18 Bokbussen med opplesingar og forteljingar

kl 10-13 Balansekunstar i vatnet og bruskassestabling
(sjå etter mobilkranen ved Snøggbåtkaien)

kl 10.45 Sirkustrubadurene held show ved scenen

kl 11 Offisiell opning ved konferansier Karina Opdal
Rosendal Retro, filmkunstnar Merethe Offerdal
Tveit vert intervjua
Kortfilm, regissør Natacha Souyris presenterer
filmen. Sjå festivalfilmane i Sago heile dagen

kl 11 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 11 Glasmåling med Signe Schineller,
Guddalshuset kr 40

kl 11-16 Festivalutstilling av Pushwagner, Galleri G
Guddal, Guddalstunet. Merka løype 3 km

kl 11 Annveig Trio spelar på Rosendalstunet
(Den kulturelle spaserstokken)

kl 11-17 Prøv eit stand up – padlebrett! Møt opp ved
Wilderness Norway i Skålafjæro

kl 11-17 Kunstverkstad for born, Baron Rammestudio

kl 11.30-12 Stuntshow ved International Stunt Academy

kl 11.30 Sirkustrubadurene held kurs i sjonglering ut over dagen. Påmelding på staden

kl 12 Parkourkurs ut over dagen. Påmelding på staden

kl 12 Prinsessa som ikkje ville le, teater for born frå 4 år på Sago. Ingrid Løhre Hunnestad, regi/skodespelar

kl 12 Glasmåling med Signe Schineller, Guddalshuset kr 40

kl 13 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13 Filmmusikkquiz – del I, Gjermund Fredheim og Bjørn Tarberg – gitar, Ingebjørg Eik – vokal, på scenen. Lag eit lag og meld dykk på. For born og vaksne

kl 13.20 Festivalkokk Jon Aga entrar scenen

kl 13.30 Filmmusikkquiz – del II

kl 14 Prinsessa som ikkje ville le, teater for born frå 4 år på Sago. Ingrid Løhre Hunnestad, regi/skodespelar

kl 14.30 Filmmusikkquiz – del III

kl 15-17 Grill din eigen rett! For borna. Få hjelp av festivalkokken til å komponera din eigen rett og nyt den
etterpå

kl 15-17 Smoothiekonkurranse for dei unge. Lag smoothie i våre blenderar, skriv opp oppskrifta og la festivalkokken smaka. Vinn ein blender

kl 15 Ungdomens reklamefilm! Premie: digitalt filmkamera! Merethe Offerdal Tveit, Sigurd Wik frå
Cinemateket og Egil Kjerstad kunngjer vinnaren

kl 15 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 15.30 Annveig Trio spelar

kl 16.30 Trekking av venne-/familiemiddag
kl 17 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 17 Bjørn Eidsvåg, www.baroniet.no

kl 18 Bodene stengjer

kl 19.30 Bjørn Eidsvåg, www.baroniet.no

kl 20-01.30 Nosferatu heilaftan, stumfilmklassikeren frå 1922 med masse attåt! Rosendal Stumfilm-orkester og
Dracula-tapas. Sambando6/Karina Opdal spelar til dans, kr 390, Samfunnshuset. Førehandssal (kr 350) på Rosendal Bokhandel og TicketCo.no

kl 22-01.30 Dag Bergesen Band, Snikkeriet kr 150

Søndag 6. juli

kl 10-12 Frokostbuffet, Snikkeriet kr 100

kl 11 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 11-16 Festivalutstilling av Pushwagner i Galleri G Guddal, Guddalstunet

kl 13 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 13-16 Mat&Kunst på fjellet, Irene Bjørke spelar hardingfele og Brendan McCreanor irsk sekkepipe. Aktivitetar for born. Bygdekvinnelaget sel rømmegraut med meir. Skjethaug – følg merka løype

kl 15 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 16 Elins Matgleder serverer venne-/familiemiddagen i Raualøo

kl 17 Filmen Pushwagner, turistinformasjonen

kl 18 Takknemlighet, ei reise i tankar og tonar om å vera takksam, ved Bodil Arnesen og Paal Andre Grinderud, Kvinnherad Kyrkje, kollekt

Bodil Nordjore kjem attende!

bodil_nordjore_foto_geir_midtbø

Bodil Nordjore steppar inn for årets festivalkokk Jon Aga, som diverre har måtta melde avbod på grunn av sjukdom.

Dei som fekk oppleve “turbobudeia” under Rosendal Mat&Kunstfestival i 2012, vil garantert vera glade for høvet til å få sjå ho att – og smaka den gode maten ho lagar!

Bodil Nordjore

Vi er fantastisk glade for å ha med oss Bodil Nordjorde i år igjen! Bodil Nordjorde er ei energisk dame, som kan alt om norsk mat og mattradisjon. Ho representerer verkeleg den kvaliteten vi ynskjer å ha på festivalen vår.

Bodil Irene Gunnarsdottir Nordjorde er det heile og fulle namnet. Men etter å ha gjeve ut fire kokebøker, hatt over 1000 innslag i nitimen og sju program i Matlyst-serien med Hilde Hummelvoll, er ho meir kjent som turbobudeia frå Vinje i Telemark. Ho er opprinneleg ei ekte Byrtejente frå Tokke, men bur no i Vinjesvingen med utsikt til Vinjevatn og Smørklepp.

Bodil er kunnskapsrik. Ho er høgskulelektor og fagleg ansvarleg for tradisjonsmatstudiet ved Høgskulen i Telemark, avdeling Rauland. Her arbeider ho med doktorgrada si. I 2005 vart ho tildelt Ingrid Espelid sin matkulturpris som vert delt ut av Fagleg Matråd. Denne prisen vert delt ut til personar som gjer ein særleg stor innsats for å formidle norsk mat og matkultur med vekt på tradisjon.

Kvinnherad kommune er ein av Norge sine største hjortekommunar. Då høver det godt at Nordjorde serverer hjortekjøt med jordeplestappe og mangosaus på festivalområdet laurdag.

Bodil er koordinator for lokal mat hjå fylkesmannen i Telemark. Meir enn nokon gong søkjer folk kunnskap om tradisjonsmat – og Bodil reiser land og strand rundt med kunnskap og kurs.

Bodil set pris på gjestfridom, nærleik og ærlegdom, og på den ekte og enkle maten. ­«Gørr­gødt» og «Makalaus god smak» er standard­uttrykk.

Festivalkokk Bodil Nordjore