Aly Brown
Aly Brown – Skulpturar av stein

Vi er særs glade for at Aly er med oss også i år. Den entusiastiske skulptøren frå England vitja oss i 2008, til stor glede for mange små og store steinsliparar.
Aly lagar skulpturar av steinblokker, ofte med abstrakte kvinnelege former. Dei er feminine og sensuelle og syner ei unik forståing for kva som bur i steinen. Inspirasjon finn ho i fasongar og former frå naturen.
På festivalen vil Aly visa prosessen med å laga skulpturar av stein. Ho vil og visa ein del ferdige skulpturar. I tillegg vil ho engasjera besøkjande i å slipa mindre steinar til smykke og liknande.
Aly blei født i England i 1957, Studerte skulptur ved Heatherley’s Art School i to år, og har sidan hatt eige atelier i London. I 2007 kjøpte ho gard på Hatlestrand. No pendlar ho mellom atelieret og garden der ho finn klebersteinen til skulpturane sine. For øvrig den same kjelda som steinane i Kvinnherad Kyrkje kjem frå. I tillegg til kleberstein brukar Aly materiale som Alabast, Marmor og Kloritt.
Sjå eigen nettside






